Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

KAFÉ

Når du treng ein pause

Meny

GJER BÅDE MAGE OG ØYGNE TIL LAGS I VÅR KAFÉ


På Åkrafjordtunet finn du ein lys og triveleg kafeteria med ein kapasitet på 140 personar. Ifrå lokala sine mange vindauge kan ein nyte utsikten av fjord og fjell mens ein inntar eit ekte heimelaga middagsmåltid.

Åkrafjorden er viden kjent for sine mattradisjonar og vår kafeteria er namngjeten for sitt gode kjøkken. Dei fleste av våre rettar er basert på lokale varer. Er det noko du likar, spør oss gjerne. Det er nemleg stor «fare» for at du kan få handla med deg disse middagsvarene frå vår prisbelønte butikk.

Lokala er også mykje brukt som selskapslokalar for store og små lag.

 

MENY


 

Me her på Åkrafjordtunet legg vår ære i at du som gjest skal få ei god matoppleving. Vår meny er tufta på lokale råvarer, tradisjon og historie med røter heilt tilbake til 1870.

I vår kafé blir det kvar søndag servert søndagsmiddag med minimum 3 ulike tradisjonsrettar, valfri dessert og kaffi. Torsdag er den store komledagen på Vestlandet. Åkrafjordtunet er ikkje noko unntak. Me lagar våre eigne heimelaga komler kombinert med våre fantastiske lokale kjøttvarer frå Lundal.

 

 


 

 

 

 

ALLERGENER


 

HG = Hvetegluten
RG = Ruggluten
BG = Byggluten
SK = Skalldyr
HVG = Havregluten

H = Hvitløk
SM = Semule
V = Valmuefrø
SE = Sesamfrø
N = Nøtter

E = Egg
F = Fisk
B = Bløtdyr
SP = Sennep
SI = Selleri

P = Peanøtter
M = Melk
SU = Sulfitt
SO = Soya
L = Lupin

 

Share on Facebook

Logg inn