Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

Frukost ved fjorden

29. oktober 2025 09:00 - 11:00

Adresse: Åkrafjordvegen 1105, 5596 Markhus

29.oktober presenterar me "Lat øyra få høyra" - sprelsk trekkspelmusikk til Per Sivle sine sprudlande "vossastubba". Vossastubbane si drivkraft er humor og høgverdig forteljekunst. Musikken er og full av humor, spenst ogforlokkande tonar. 

Jens Brekke er Sogn sin store forteljar både av lokale historiar og Per Sivle. Han er og ihuga formidlar av Jakop Sande sitt liv og dikting.

Jon Faukstad, formidabel trekkspelar og akkordeonist, formidlar tradisjonsrik folkemusikk frå Gudbrandsdalen. Han spelar og klassisk musikk og har teke initiativ til ny musikk for akkordeon. Han har eit langt yrkesliv bak seg mellom anna som professor på Norges Musikkhøgskule.Jon har fått Kongens fortenestemedalje for sin store innsats for trekkspel og akkordeon.

Jens og Jon har bede om 1t og 15 min, så me prøver å vere klar med frukost slik at dei kan begynne kl 9.45 og vere ferdig til ca kl 11.00.

Share on Facebook

Logg inn